Bli reiseklar med UDs app

Av Utenriksdepartementet

11. okt 2023
Lesetid: 1 min

«Reiseklar» er Utanriksdepartementets reiseinformasjon, reiseråd og reiseregistrering tilgjengeleg i éin app.

Reiseklar

Appen «Reiseklar» gir norske borgarar på reise lett tilgang til reiseinformasjon, reiseråd og ikkje minst reiseregistrering. Formålet med Reiseklar er at nyttig og etterspurd informasjon skal bli endå lettare tilgjengeleg for dei som planlegg eller er på reise i utlandet.

I Reiseklar kan norske borgarar på reise lett registrere seg for å få informasjon frå norske styresmakter i ein krisesituasjon.

I appen Reiseklar vil du finne følgjande informasjon:

  • Reiseinformasjon
    • Informasjon om tryggingssituasjon, innreise og andre relevante opplysningar for nær 200 land.
  • Reiseråd
    • Om UD har utskrive reiseråd for eit land eller område vil dette vere synleg i appen.
  • Reiseregistrering
    • Du kan velje å registrere reisa di slik at UD kan komme i kontakt med deg og sende deg nyttig og praktisk informasjon dersom det oppstår ein krisesituasjon der du er.
  • Varslingar i appen
    • Om du aktiverer varslingar og stadstenester, vil Reiseklar sende deg varslar, til dømes når det skjer eventuelle hendingar i det landa du er i.
  • Annan nyttig informasjon
    • Informasjon som er nyttig å vite når du er på reise, til dømes kva du må gjere om du mistar passet eller har behov for rettleiing og hjelp.

Utanriksdepartementet er oppteken av at personvernet og behandlinga til den enkelte av personopplysningar er vareteken på best mogleg måte når Reiseklar-appen blir teken i bruk. Les personvernerklæringa for Reiseklar her.Reiseklar kan lastast ned frå App Store og Google Play.

All informasjon i Reiseklar-appen blir henta frå regjeringa.no, mellom anna frå sidene om UDs reiseinformasjon og reiseregistrering.no.

Takk for at du vil laste ned en rapport fra NSR.

  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
  • ${ error }
Lukk

Takk!

En epost med lenke til nedlasting av ${ this.publicationData ? this.publicationData.title : '' } er sendt til ${ this.email }.