Norske nettstader spreier virus

Fleire norske nettstader spreier virus til besøkande. Også store, kjente nettstader og riksdekkande nettaviser vert ramma av dette, i følgje siste kvartalsrapport frå NSM.

Foto: Arne Røed Simonsen

I siste kvartalsrapport frå oss skriv vi at vi har sett ei kraftig auke i sakar som handlar om infiserte nettstader den siste tida. Mens det siste kvartal i fjor vart registrert rundt 300 sakar som handla om nettstader som spreidde virus, har vi i første kvartal for 2013 registrert over fem gongar så mange, om lag 1700 sakar. Dersom ein nettstad spreier virus, kan kven som helst verte infisert dersom han eller ho går inn på nettstaden. Men har du oppdatert alle dataprogram på maskina di, er risikoen for å verte infisert langt lågare.

Ein av farane er spreiinga av virus som legg til rette for økonomisk kriminalitet, som for eksempel såkalla «banktrojanarar». Ein annan er at infiserte maskinar kan brukast til å gjennomføre kraftige angrep som lammar nettstadar gjennom såkalla tenestenektangrep. Og ein tredje fare er at infiserte maskinar brukast i meir målretta angrep mot utvalde norske verksemder.

I siste kvartalsrapport skriv vi også om Rapport om sikkerhetstilstanden, ein internasjonal trend med dataangrep mot kritisk infrastruktur, og om korleis du kan stoppe over 80 prosent av alle dataangrep ved hjelp av enkle verkemiddel.

Næringslivets Sikkerhetsråd | Postboks 5493 Majorstuen | 0305 Oslo | Middelthunsgt 27, Majorstuen | nsr@nsr-org.no

Følg oss