Framleis dataspionasje mot Noreg

Dataspionasje mot Noreg hald fram, og nettaktivisme er en aukande trugsel mot offentlege og private verksemder.

Foto: Arne Røed Simonsen

Det syner kvartalsrapporten for første kvartal 2012 frå NorCERT i Nasjonalt tryggingsorgan. Også dette kvartalet har vi sett fleire forsøk på dataspionasje mot norske høgteknologibedrifter. Universitetsmiljø har opplevd hacking av systema, men utan at angriparane har komme seg langt nok inn til å nå kritiske system. Og ein norsk ikkje-statleg organisasjon (NGO) vart utsett for datainnbrot. Slike organisasjonar har ofte betydeleg informasjon om politiske og geografiske forhold som kan vere følsame, og kan vere eit naturleg mål for mange aktørar.

Trenden med at sensitiv informasjon vert stole og publisert på Internett er også aukande. Intensjonen er ofte både hærverk og politisk aktivisme. Dette kvartalet stal mellom anna hackergruppa N0rSec databasane til fleire kundesider hos ein norsk hostingleverandør. Kundedata vart lagt ut på Internett, og også sletta. NorCERT åtvarar i kvartalsrapporten om at også kommersielle aktørar kan verte utsett for tjuveri av kundedatabasar i framtida.

Også hacking av sentralar for IP-telefoni og videokonferansar skjer jamt, i følgje rapporten.

Næringslivets Sikkerhetsråd | Postboks 5493 Majorstuen | 0305 Oslo | Middelthunsgt 27, Majorstuen | nsr@nsr-org.no

Følg oss