Søk

logo

Ny rapport fra Etterretningstjenesten

FOKUS 2017 gir innblikk i geografiske og tematiske områder som Etterretningstjenesten mener har særlig interesse for norske beslutningstagere og for opinionen.

Morten Haga Lunde (Foto: Arne Røed Simonsen)

Morten Haga Lunde (Foto: Arne Røed Simonsen)

Fokus er ei ugradert vurdering som Etterretningstenesta har gjort av utviklingstrekk i utvalde geografiske område og innanfor utvalde tema, med prognose for forventa utvikling i 2017. Målet er å presentere tenesta sine overordna vurderingar av kva som kan ha vesentleg betyding for Noreg i året som kjem.​

Ved inngangen til 2017 er det særleg tre utviklingstrekk som verkar relevante for Noreg og norske interesser: Truslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Noreg er aukande. Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjonar mot Noreg i året som kjem. Russland gjennomførte omfattande digitale operasjonar for å påverke valkampen i USA, og ein kan ikkje sjå bort frå at framande makter også kan forsøkje å påverke valet på ulike måtar her i Noreg og andre stader i Europa i 2017.​​​​

"Vi kan forvente omfattande etterretningsoperasjonar mot Noreg i året som kjem."

Terrortrusselen frå militante is​​lamistar er generelt sett blitt meir alvorleg og kompleks. Talet på terrorangrep i Europa aukar, og dei fleste kan knytast til ISIL. Sjølv om ISIL vert svekt i Irak og Syria og kapasiteten til å gjennomføre sentralstyrte terrorangrep dermed blir redusert, vil organisasjonen sitt nettverk i Europa vere ein betydeleg trussel også i 2017.​

For det tredje har dei geopolitiske motsetningane mellom Russland og Vesten auka markant i kjølvatnet av konfliktane i Ukraina og Syria. Vi står overfor eit militært styrkt og tryggingspolitisk sjølvsikkert Russland med auka vilje til å bruke makt for å hevde interessene sine. I dagens tryggingspolitiske klima kan enkeltepisodar få alvorlege konsekvensar som ingen av partane i utgangspunktet ønskjer eller er tente med.

Det er mitt ønske at dette dokumentet skal bidra til å auke forståinga av forholda som påverkar norsk tryggleik, og dermed gi eit best mogleg grunnlag for avgjerdene som styresmaktene i Noreg fattar, skriver generalløytnant Morten Haga Lunde i forordet til Fokus 2017

Kommende aktiviteter

Følg oss

Våre stiftere